Category Archives: Uncategorized

Portrettintervju med Eivind Ødegård

Eg har i samband med eit prosjekt i media skrive eit portrettintverju med Eivind Ødegård, leiar i Den Norske bokbyen i Fjærland. Her er eit lite utdrag frå teksten, samt nokre relevante bilete.

Utrdrag frå teksten:

-Eg har nett fått beskjed om at eit boklass er på veg frå Bergen, så det er litt hektisk akkurat no. Tempoet er det ingenting å seie på der bokbysjefen hastar rundt på tunet, finn fram tilhengjaren til bilen og samstundes med iver fortel at Kari og Klaus Kvamme, eldsjeler og «bokbyveteranar» har varsla at dei er på veg med «dagens fangst». Trass i at klokka har runda halv ni når eg møter Eivind Ødegård, busett i Fjærland og dagleg leiar i bokbyen, er arbeidsdagen langt frå over for bokbyleiaren. Eit billass med bøker er på veg frå Bergen, og Eivind stiller som alltid opp når det skal takast i eit tak. Snart manøvrerer Eivind den sølvgrå bilen med stødig kurs mot bokbyen, og når eg spør kan han bekrefte at -ja, dette er absolutt representativt for ein typisk dag på jobben.

Bilete henta frå foraget selja sine nettsider, Fjærland si origoside og bokbyen.no. Klikk på bileta for direktelenkje.  Er også forsideillustrasjon på eit hefte med informasjon om Fjærland, som kan kjøpast i bokbyen.

Reklame

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized

Dei ti bod for eit godt portrettintervju

Eg har jobba med journalistikk som tema i media, og har laga eit portrettintervju. Ei lita hugseliste for kva som er viktig å hugse på når ein skriv portrettintervju.

1. Finn eit intervjuobjekt som skil seg litt ut frå mengda, er aktuell eller liknande. Sjølvsagt avhenger dette også av om teksten skal stå i VG eller lokalavisa, målgruppe er eit viktig stikkord.

2. Bruk livleg språk og masse skildringar

3. Noter ned stikkord eller ta med båndopptakar på intervjuet. Du trur kanskje at «dette hugsar eg», men det kan du komme til å angre på når intervjuet skal skrivast i ettertid…

4. Skriv, skriv, skriv. Når alt er skrive kan du kutte vekk det overflødige.

5. Ha ein raud tråd som går gjennom teksten

6. Hugs på VVP og personvernlova. Portrettintervju er ikkje staden for å henge ut personar.

7. Start gjerne teksten med eit sitat eller in medias res. Viktig å fengje lesaren frå første stund!

8. La den portretterte lese gjennom og godkjenne teksten før du publiserar den. Kanskje er han/ ho ikkje heilt einig i alt…

9. Krydre teksten med bilete og ein faktaboks, dersom det skulle passe inn.

10. La lesaren bli kjend med fleire sider ved intervjuobjekt, ting treng ikkje alltid vere sensasjonelt for å vere interessant.

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized

kommentar på blogginnlegg

Me har fått i oppgåve i media å kommentere tre blogginnlegg skrevet av medieelevar i Kongsberg. Alle innlegga har tema informasjonskløft, og tek for seg dette med ulike vinklingar.

Her kjem ein av kommentarane eg skreiv, samt ein liten fagleg vurdering av innlegget. I tillegg vil eg kort seie mi meining, og kva hensyn eg tok til eleven når eg skreiv kommentaren.

Følgjande kommentar skreiv eg på Beatrice sitt blogginnlegg, som du kan lese her. «Du har fått med mange gode argument, og du presenterer dei på ein god og oversiktleg måte, bra! 🙂 Også fint at du har teke med definisjonen på informasjonskløft.Ellers må eg sei meg einig med kommentaren over: denne teksten var kanskje litt lang til å vere ei innleiing, så kanskje noko burde flyttast over til ein hovuddel? Eit anna tips er å avgrense oppgåva i starten av teksten, då får lesaren med ein gong vite konkret kva teksten skal handle om.
Lykke til!»

Beatrice sitt blogginnlegg er ei innleiing til ein tekst om informasjonskløft, så eg har teke hensyn til at det ikkje er ein fullstendig tekst i vurderinga. Eg tykkjer ho har fått med mange gode moment, og kjem med enkle og konkrete døme for å underbyggje desse. Ho har også brukt sitat frå ei god kjelde, og det kjem tydeleg fram kvar dette er tilfellet. Innleiinga var nok litt lenger enn det som er vanleg i fagtekstar, og difor kan det sikkert vere lurt å flytte nokre av dei argumenta ho har brukt der, over i hovuddelen. Ei innleiing skal berre presentere tema og innhald for lesaren, samt at det kan vere greit å avgrense og konkretisere tema for innlegget.

Ellers tykkjer eg at det var ein god tekst, og håpar ho får bruk for forslaga eg kom med til korleis ho eventuelt kan gjere den endå betre.

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized

Klikk her for å sjå ein kort film som handlar om diskriminering og fordommar mot etniske minoritetar, i dette tilfellet samar.

Animasjonen er laga på sida Goanimate.com

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized

Etniske minoritetar i det fleirkulturelle samfunnet

”Nesten alle samfunn som er fleirkulturelle består av ei majoritetsbefolkning og fleire minoritetsbefolkningar” (Asbjørnsen mfl. s. 94). Verda vert stadig bunde tettare saman, ein utvikling dagens media har ei sentral rolle i. Landegrensene vert ”viska” ut, folk busett seg på nye stader, og på denne måten oppstår det nye møte mellom ulike kulturar. Dagens samfunn er utvilsamt eit fleirkulturelt samfunn. I eit slikt samfunn vil det nødvendigvis vere slik at nokre etniske grupper utgjer ein minoritet, fordi det å ha ein majoritet også fører til at det må vere ein minoritet. Kva rolle desse etniske minoritetane får i eit slikt fleirkulturelt samfunn er derimot eit meir omfattande spørsmål. I denne teksten er det nettopp dei etniske minoritetane, og deira rolle i høve til media, eg ønskjer å sjå nærare på. For å konkretisere og avgrense dette svært omfattande temaet, har eg vald å kome med ein påstand som eg gjennom denne teksten skal drøfte: etniske minoritetar bidreg sjeldan til samfunnsdebatten i saker som ikkje spesifikt omhandlar deira gruppe.

Før eg går nærare inn på hypotesen min vil eg sjå nærare på nokre sentrale omgrep når det er snakk om etniske minoritetar: «I Statistisk sentralbyrås statistikk tilsvarer dette «førstegenerasjonsinnvandrere uten norsk bakgrunn». Barn av innvandrere, født i Norge, faller utenfor denne definisjonen. De er imidlertid en undergruppe av kategorien personer med innvandrerbakgrunn eller personer av etniske minoritetsbakgrunn.( Kommunal- og regionaldepartementet). Etniske minoritetar famnar altså om mange ulike grupper i Noreg, og det vil truleg såleis ikkje kunne vere mogeleg å presentere kun eitt korrekt svar på problemstillinga, men heller prøve å peike på nokre tendensar. I fleire undersøkingar har det vorte synt at media ofte framstiller eit forenkla og negativt vinkla bilete av etniske minoriteter (Asbjørnsen mfl. s. ). Ofte vert saker einsidig vinkla, og det er eit faktum at minoritetane og det fleirkulturelle ofte kjem fram i media når det er sakar som omhandlar tvangsekteskap, æresdrap og kriminalitet. Ofte kan det verke som om den etniske bakgrunnen vert mindre vektlagd i til dømes sportsnyhende der utøvaren tilhøyrer ein etnisk minoritet. Utøvarar som gjerne berre har budd i landet i nokre få år, og kanskje knapt kan snakke norsk vert sett på som heilt norske. Det er også i desse typene saker det i hovudsak vert brukt minoritetar/innvandrarar som kjelder, noko som kan tyde på at dei ikkje alltid i stor nok grad får sleppe til i den allmenne samfunnsdebatten i saker som ikkje nødvendigvis omhandlar deira etniske gruppe. Minoritetar har imidlertid eit ansvar for å uttale seg i saker som ikkje omhandlar etniske minoritetsspørsmål. Dersom dei bevisst berre vel berre å uttale seg om skaer som omhandlar deira etniske gruppe er dei også sjølve med på å ekskludere seg frå resten av den allmenne samfunnsdebatten. Difor er det viktig at også etniske minoritetar og dei som tilhøyrer denne gruppa er bevisste på si rolle og sitt ansvar når det gjeld å engasjere seg også i saker der dei ikkje har særskilde ”etniske interesser”.

Gjennom denne teksten har eg peika på fleire moment som utan tvil avdekkjer at etniske minoriteter til ein viss grad vert framstilt på ein til tider einsidig og lite nyansert måte. Eit sentralt spørsmål vil i neste omgang vere: kvifor er det slik? Mitt subjektive inntrykk av nyhendesaker knytt til innvandarar og etniske minoritetar når eg les i aviser og liknande, er utvilsamt, at ja: sakene som omhandlar desse gruppene tek i stor grad føre seg spesifikke saker knytta til deira grupper, og i liten grad saker av ”allmenn interesse”. Samstundes er dette som sagt ein subjektiv vurdering, forskingsgrunnlaget når det kjem til denne typen saker er begrensa. Likevel er det bevist at dette er ein tendens, sjølv om ein ikkje har presentert konkrete tal på i kor stort omfang dette skjer. Det er sjølvsagt naturleg at ei nyhendesak som omhandlar ei særskild etnisk gruppe vil vere saker der denne gruppa også uttalar seg, men samstundes er det også viktig å engasjere seg i saker på tvers av etnisk bakgrunn. Det handlar rett og slett om å delta i det som skjer i det samfunnet ein faktisk lever i. Og sjølv om det sjølv er opp til minoritetane å engasjere seg, har media her ei viktig rolle gjennom å la ulike grupper komme til orde. I innleiinga mi kom eg med ein påstand om at ” etniske minoritetar bidreg sjeldan til samfunnsdebatten i saker som ikkje spesifikt omhandlar deira gruppe.” Å hevde dette vil vere særs generaliserande, og i mange tilfelle ikkje stemme overeins med røynda. Det som derimot kan vere relevant er å peike på dette som ein tendens i samfunnet. Etter å sett nærare på dette emnet meiner eg å kunne hevde at påstanden kan stemme, men ikkje er ei sjølvfølgje eller noko som alltid førekjem. Likevel er det all grunn til å vere merksam denne tendensen, då den i stor grad vil kunne føre til negative verknader i form av oppretthalding av og auka formdommar mellom ulike grupper i samfunnet.

Kjelder:

Asbjørnsen m.fl. 2007: Mediemøte 2

http://www.aftenposten.no/meninger/kommentatorer/aamaas/article3444150.ece ( opplastingsdato: 04.02.10)

http://www.nj.no/Journalistikk+i+det+flerkulturelle+Norge.b7C_wlnIW2.ips (opplastingsdato: 04.02.10) Kommunal- og regionaldepartementet

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized

Menn som hater kvinner

Boka «menn som hater kvinner» er skriven av den svenske forfattaren Stieg Larsson, og er den første av tre bøker i triologien «Milenium». Bøkene har vorte bestseljarar og har også vorte filmatisert. «Menn som hater kvinner» er ein kriminalroman med handling som utspelar seg i Sverige, hovudsakeleg Stockholm. I boka møter me Mikael Blomquist, journalist og eigar av magasinet Milenium, og Lisbeth Salander,  ei eigenrådig kvinne i byrjinga av 20-åra og frilans privatetterforskar. Mikael treng etter ein tøff periode avveksling frå arbeidet i Milenium og tek på seg eit oppdrag frå Henrik Vanger, som i snart førti år har leita etter sin slektning Harriet utan å lukkast. Mikael byrjar arbeidet med å grave opp nye ledetrådar i den gamle saka, eit arbeid Salander også snart vert involvert i. Saman byrjar dei opprullinga av ei sak som er meir omfattande enn nokon av dei kunne ane, og som også fører med seg uventa sanningar.

Eg er vanlegvis ingen særskild stor fan av krimbøker og var difor litt skeptisk før eg byrja å lese den, til trass for alle dei gode anmeldelsane boka har hausta. Når eg byrja å lese endra eg imidlertid fort meining! Utover i boka vert det stadig meir spanande, ikkje ein enkel bok å leggje ifrå seg når ein først kjem inn i historia. Persongalleriet er dessutan utruleg variert, her finn du alle typar menneske, noko som berre gjer boka endå meir variert og spennande. Eg hadde også sanasen for det overraskande plottet, og utan å røpe noko, kan eg seie med ganske stor sikkerheit at du ikkje kjem til å kunne klare å gjette korleis denne boka ender! Alt i alt ein utruleg bra historie, som er vanskeleg å leggje ifrå seg. Og best av alt: det er to til! Så er det berre å håpe at dei to neste bøkene i triologien lever opp til forventningane etter den første.

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized

Fagdag: Videoproduksjon

Torsdag 26. november byrja me arbeidet med filmen med ein kveldsøkt i media. Johnny synte oss klipp frå blant anna «veiviseren», og fortalde litt om ulike verkemiddel ein kan nytte seg av i film, som fugle- og froskeperspektiv, halvnært bilete, nært, ultranært osv. Me fekk også ein liten innføring i bruk av filmkamera, og mot slutten vart det også litt tid til å starte på arbeidet med storyboardet for filmen me skulle lage dagen etterpå.

Fredag 27. November var det fagdag i Media, og tema for denne dagen var produksjon av reklamefilm. På førehand hadde me i grupper på fire førebudd manus, fått ein rask innføring i verkemiddel i filmproduksjon, samt byrja å arbeide med storyboardet. Mi gruppe byrja fredagen med å gjere ferdig storyboardet. Deretter tok me til med filminga. Temaet for fimen er ytringsfridom, og me valde å lage ein film der me set søkjelyset på den låge terskelen enkelte har for å hetse andre på nettet. Deretter samanliknar me dette med korleis tilsvarande hets hadde vorte i røynda.

I reklamefilmen tok me i bruk fleire av dei filmatiske verkemidla me tidlegare hadde gått gjennom i klassen. Litt om korleis me gjorde dette:

Fugleperspektiv- brukte e på «mobbaren», for  å framheve overlegen posisjon.

Froskeperspektiv- offeret, får personen til  å framstå som liten/svak.

Lyd- i filmen vår hadde me kun musikk som me la på til slutt, og eg tykkjer dette gav ein god effekt.

Lys- I byrjinga av filmen brukte me lys veldig bevisst for å få fram den rette stemninga.

Etter at me var ferdige med sjølve filminga var det redigering av filmen som stod for tur, og me brukte imovie på Mac til dette. Grunna begrensa tid bestemte me oss for å satse på ganske enkel, men effektfull redigering. Me klippa saman dei ulike klippa, justerte overgangane, la inn nokre effektar og litt tekst, og la til slutt på musikken. Resultatet vart ein reklamefilm på 45 sekund, og me vart alt i alt nøgde med filmen. Filmen har me valgt å ikkje publisere på bloggen eller på youtube, men den har vorte vist i klassen saman med dei andre filmane.

bilete henta frå denne bloggen.

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized

3020966500_e972a5a51e

bildet er henta frå  http://www.flickr.com/photos/mikeblogs/3020966500/g frå http://search.creativecommons.org/#

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized

deloppgåve

Deloppgåve i media
2. Innfelt sitat
Media under krigen
Under den andre verdskrigen spela media ei rolle som kanal for spreiing av propaganda. ”Med krigsutbrotet vart sensur og propaganda ein naturleg del av krigføringa hos begge dei stridande partane.” ( Asbjørnsen mfl, 2007, s. 154). Med andre ord fungerte ikkje media som ein uavhengig kritikar og kommentator av samfunnet. Rune Amundsen 1Fc og Stig-rune Dybwik 1Fd (2007) skriver på nettsida aft.hist.no at Hitler sitt mål med propagandaen var først og fremst å nå ut til dei store massane ved å nytte seg av enkle bodskap som stadig vart gjenteke. Etterkvart vart imidlertid den overdrivne og åpenlyse propagandaen lite truverdig, og difor mista det tyske folket trua på det dei vart fortalde i media. Dette var særleg tilfellet mot slutten av krigen, då nederlaget var eit uunngåeleg faktum. (Asbjørnsen mfl., 2007, s. 154).

Kjeldeliste:
Asbjørnsen mfl. 2007

Click to access nazipropaganda.pdf

Kommenter innlegget

Filed under innleveringar, Uncategorized

Informasjonskampanje

Eg har vore i gruppa som har hatt ansvaret for å lage manuset som me brukte i informasjonskampanjen som vart arrangert mandag 14. september. Arbeidet til manusgruppa har i hovudsak bestått av å samle inn informasjon om sjølve prosjektet og den internasjonale dagen, for deretter å bearbeide informasjonen og velje ut det me tykkjer er viktig. Me la også vekt på at manuset skulle ha ein muntleg form, for å gjere det meir naturleg og enklare for folk å få tak i bodskapen vår.

Arbeidet med manuset tykkjer eg stort sett gjekk veldig bra, og var lærerikt på fleire måtar. Både fordi me måtte arbeide under tidspress, og også fordi me lærte meir om Eshowe og arbeidet skulen har gjort der.

Så er det berre å håpe på at flest mogeleg følgjer slagordet vårt den 30. oktober: Tenk med hove; hjelp Eshowe! – gjer ein forskjell.

Kommenter innlegget

Filed under innleveringar, Uncategorized