Eg har jobba med journalistikk som tema i media, og har laga eit portrettintervju. Ei lita hugseliste for kva som er viktig å hugse på når ein skriv portrettintervju.
1. Finn eit intervjuobjekt som skil seg litt ut frå mengda, er aktuell eller liknande. Sjølvsagt avhenger dette også av om teksten skal stå i VG eller lokalavisa, målgruppe er eit viktig stikkord.
2. Bruk livleg språk og masse skildringar
3. Noter ned stikkord eller ta med båndopptakar på intervjuet. Du trur kanskje at «dette hugsar eg», men det kan du komme til å angre på når intervjuet skal skrivast i ettertid…
4. Skriv, skriv, skriv. Når alt er skrive kan du kutte vekk det overflødige.
5. Ha ein raud tråd som går gjennom teksten
6. Hugs på VVP og personvernlova. Portrettintervju er ikkje staden for å henge ut personar.
7. Start gjerne teksten med eit sitat eller in medias res. Viktig å fengje lesaren frå første stund!
8. La den portretterte lese gjennom og godkjenne teksten før du publiserar den. Kanskje er han/ ho ikkje heilt einig i alt…
9. Krydre teksten med bilete og ein faktaboks, dersom det skulle passe inn.
10. La lesaren bli kjend med fleire sider ved intervjuobjekt, ting treng ikkje alltid vere sensasjonelt for å vere interessant.