Monthly Archives: april 2010

kommentar på blogginnlegg

Me har fått i oppgåve i media å kommentere tre blogginnlegg skrevet av medieelevar i Kongsberg. Alle innlegga har tema informasjonskløft, og tek for seg dette med ulike vinklingar.

Her kjem ein av kommentarane eg skreiv, samt ein liten fagleg vurdering av innlegget. I tillegg vil eg kort seie mi meining, og kva hensyn eg tok til eleven når eg skreiv kommentaren.

Følgjande kommentar skreiv eg på Beatrice sitt blogginnlegg, som du kan lese her. «Du har fått med mange gode argument, og du presenterer dei på ein god og oversiktleg måte, bra! 🙂 Også fint at du har teke med definisjonen på informasjonskløft.Ellers må eg sei meg einig med kommentaren over: denne teksten var kanskje litt lang til å vere ei innleiing, så kanskje noko burde flyttast over til ein hovuddel? Eit anna tips er å avgrense oppgåva i starten av teksten, då får lesaren med ein gong vite konkret kva teksten skal handle om.
Lykke til!»

Beatrice sitt blogginnlegg er ei innleiing til ein tekst om informasjonskløft, så eg har teke hensyn til at det ikkje er ein fullstendig tekst i vurderinga. Eg tykkjer ho har fått med mange gode moment, og kjem med enkle og konkrete døme for å underbyggje desse. Ho har også brukt sitat frå ei god kjelde, og det kjem tydeleg fram kvar dette er tilfellet. Innleiinga var nok litt lenger enn det som er vanleg i fagtekstar, og difor kan det sikkert vere lurt å flytte nokre av dei argumenta ho har brukt der, over i hovuddelen. Ei innleiing skal berre presentere tema og innhald for lesaren, samt at det kan vere greit å avgrense og konkretisere tema for innlegget.

Ellers tykkjer eg at det var ein god tekst, og håpar ho får bruk for forslaga eg kom med til korleis ho eventuelt kan gjere den endå betre.

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized