Daily Archives: februar 4, 2010

Etniske minoritetar i det fleirkulturelle samfunnet

”Nesten alle samfunn som er fleirkulturelle består av ei majoritetsbefolkning og fleire minoritetsbefolkningar” (Asbjørnsen mfl. s. 94). Verda vert stadig bunde tettare saman, ein utvikling dagens media har ei sentral rolle i. Landegrensene vert ”viska” ut, folk busett seg på nye stader, og på denne måten oppstår det nye møte mellom ulike kulturar. Dagens samfunn er utvilsamt eit fleirkulturelt samfunn. I eit slikt samfunn vil det nødvendigvis vere slik at nokre etniske grupper utgjer ein minoritet, fordi det å ha ein majoritet også fører til at det må vere ein minoritet. Kva rolle desse etniske minoritetane får i eit slikt fleirkulturelt samfunn er derimot eit meir omfattande spørsmål. I denne teksten er det nettopp dei etniske minoritetane, og deira rolle i høve til media, eg ønskjer å sjå nærare på. For å konkretisere og avgrense dette svært omfattande temaet, har eg vald å kome med ein påstand som eg gjennom denne teksten skal drøfte: etniske minoritetar bidreg sjeldan til samfunnsdebatten i saker som ikkje spesifikt omhandlar deira gruppe.

Før eg går nærare inn på hypotesen min vil eg sjå nærare på nokre sentrale omgrep når det er snakk om etniske minoritetar: «I Statistisk sentralbyrås statistikk tilsvarer dette «førstegenerasjonsinnvandrere uten norsk bakgrunn». Barn av innvandrere, født i Norge, faller utenfor denne definisjonen. De er imidlertid en undergruppe av kategorien personer med innvandrerbakgrunn eller personer av etniske minoritetsbakgrunn.( Kommunal- og regionaldepartementet). Etniske minoritetar famnar altså om mange ulike grupper i Noreg, og det vil truleg såleis ikkje kunne vere mogeleg å presentere kun eitt korrekt svar på problemstillinga, men heller prøve å peike på nokre tendensar. I fleire undersøkingar har det vorte synt at media ofte framstiller eit forenkla og negativt vinkla bilete av etniske minoriteter (Asbjørnsen mfl. s. ). Ofte vert saker einsidig vinkla, og det er eit faktum at minoritetane og det fleirkulturelle ofte kjem fram i media når det er sakar som omhandlar tvangsekteskap, æresdrap og kriminalitet. Ofte kan det verke som om den etniske bakgrunnen vert mindre vektlagd i til dømes sportsnyhende der utøvaren tilhøyrer ein etnisk minoritet. Utøvarar som gjerne berre har budd i landet i nokre få år, og kanskje knapt kan snakke norsk vert sett på som heilt norske. Det er også i desse typene saker det i hovudsak vert brukt minoritetar/innvandrarar som kjelder, noko som kan tyde på at dei ikkje alltid i stor nok grad får sleppe til i den allmenne samfunnsdebatten i saker som ikkje nødvendigvis omhandlar deira etniske gruppe. Minoritetar har imidlertid eit ansvar for å uttale seg i saker som ikkje omhandlar etniske minoritetsspørsmål. Dersom dei bevisst berre vel berre å uttale seg om skaer som omhandlar deira etniske gruppe er dei også sjølve med på å ekskludere seg frå resten av den allmenne samfunnsdebatten. Difor er det viktig at også etniske minoritetar og dei som tilhøyrer denne gruppa er bevisste på si rolle og sitt ansvar når det gjeld å engasjere seg også i saker der dei ikkje har særskilde ”etniske interesser”.

Gjennom denne teksten har eg peika på fleire moment som utan tvil avdekkjer at etniske minoriteter til ein viss grad vert framstilt på ein til tider einsidig og lite nyansert måte. Eit sentralt spørsmål vil i neste omgang vere: kvifor er det slik? Mitt subjektive inntrykk av nyhendesaker knytt til innvandarar og etniske minoritetar når eg les i aviser og liknande, er utvilsamt, at ja: sakene som omhandlar desse gruppene tek i stor grad føre seg spesifikke saker knytta til deira grupper, og i liten grad saker av ”allmenn interesse”. Samstundes er dette som sagt ein subjektiv vurdering, forskingsgrunnlaget når det kjem til denne typen saker er begrensa. Likevel er det bevist at dette er ein tendens, sjølv om ein ikkje har presentert konkrete tal på i kor stort omfang dette skjer. Det er sjølvsagt naturleg at ei nyhendesak som omhandlar ei særskild etnisk gruppe vil vere saker der denne gruppa også uttalar seg, men samstundes er det også viktig å engasjere seg i saker på tvers av etnisk bakgrunn. Det handlar rett og slett om å delta i det som skjer i det samfunnet ein faktisk lever i. Og sjølv om det sjølv er opp til minoritetane å engasjere seg, har media her ei viktig rolle gjennom å la ulike grupper komme til orde. I innleiinga mi kom eg med ein påstand om at ” etniske minoritetar bidreg sjeldan til samfunnsdebatten i saker som ikkje spesifikt omhandlar deira gruppe.” Å hevde dette vil vere særs generaliserande, og i mange tilfelle ikkje stemme overeins med røynda. Det som derimot kan vere relevant er å peike på dette som ein tendens i samfunnet. Etter å sett nærare på dette emnet meiner eg å kunne hevde at påstanden kan stemme, men ikkje er ei sjølvfølgje eller noko som alltid førekjem. Likevel er det all grunn til å vere merksam denne tendensen, då den i stor grad vil kunne føre til negative verknader i form av oppretthalding av og auka formdommar mellom ulike grupper i samfunnet.

Kjelder:

Asbjørnsen m.fl. 2007: Mediemøte 2

http://www.aftenposten.no/meninger/kommentatorer/aamaas/article3444150.ece ( opplastingsdato: 04.02.10)

http://www.nj.no/Journalistikk+i+det+flerkulturelle+Norge.b7C_wlnIW2.ips (opplastingsdato: 04.02.10) Kommunal- og regionaldepartementet

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized