Torsdag 26. november byrja me arbeidet med filmen med ein kveldsøkt i media. Johnny synte oss klipp frå blant anna «veiviseren», og fortalde litt om ulike verkemiddel ein kan nytte seg av i film, som fugle- og froskeperspektiv, halvnært bilete, nært, ultranært osv. Me fekk også ein liten innføring i bruk av filmkamera, og mot slutten vart det også litt tid til å starte på arbeidet med storyboardet for filmen me skulle lage dagen etterpå.
Fredag 27. November var det fagdag i Media, og tema for denne dagen var produksjon av reklamefilm. På førehand hadde me i grupper på fire førebudd manus, fått ein rask innføring i verkemiddel i filmproduksjon, samt byrja å arbeide med storyboardet. Mi gruppe byrja fredagen med å gjere ferdig storyboardet. Deretter tok me til med filminga. Temaet for fimen er ytringsfridom, og me valde å lage ein film der me set søkjelyset på den låge terskelen enkelte har for å hetse andre på nettet. Deretter samanliknar me dette med korleis tilsvarande hets hadde vorte i røynda.
I reklamefilmen tok me i bruk fleire av dei filmatiske verkemidla me tidlegare hadde gått gjennom i klassen. Litt om korleis me gjorde dette:
Fugleperspektiv- brukte e på «mobbaren», for å framheve overlegen posisjon.
Froskeperspektiv- offeret, får personen til å framstå som liten/svak.
Lyd- i filmen vår hadde me kun musikk som me la på til slutt, og eg tykkjer dette gav ein god effekt.
Lys- I byrjinga av filmen brukte me lys veldig bevisst for å få fram den rette stemninga.
Etter at me var ferdige med sjølve filminga var det redigering av filmen som stod for tur, og me brukte imovie på Mac til dette. Grunna begrensa tid bestemte me oss for å satse på ganske enkel, men effektfull redigering. Me klippa saman dei ulike klippa, justerte overgangane, la inn nokre effektar og litt tekst, og la til slutt på musikken. Resultatet vart ein reklamefilm på 45 sekund, og me vart alt i alt nøgde med filmen. Filmen har me valgt å ikkje publisere på bloggen eller på youtube, men den har vorte vist i klassen saman med dei andre filmane.
bilete henta frå denne bloggen.