Monthly Archives: januar 2010

Menn som hater kvinner

Boka «menn som hater kvinner» er skriven av den svenske forfattaren Stieg Larsson, og er den første av tre bøker i triologien «Milenium». Bøkene har vorte bestseljarar og har også vorte filmatisert. «Menn som hater kvinner» er ein kriminalroman med handling som utspelar seg i Sverige, hovudsakeleg Stockholm. I boka møter me Mikael Blomquist, journalist og eigar av magasinet Milenium, og Lisbeth Salander,  ei eigenrådig kvinne i byrjinga av 20-åra og frilans privatetterforskar. Mikael treng etter ein tøff periode avveksling frå arbeidet i Milenium og tek på seg eit oppdrag frå Henrik Vanger, som i snart førti år har leita etter sin slektning Harriet utan å lukkast. Mikael byrjar arbeidet med å grave opp nye ledetrådar i den gamle saka, eit arbeid Salander også snart vert involvert i. Saman byrjar dei opprullinga av ei sak som er meir omfattande enn nokon av dei kunne ane, og som også fører med seg uventa sanningar.

Eg er vanlegvis ingen særskild stor fan av krimbøker og var difor litt skeptisk før eg byrja å lese den, til trass for alle dei gode anmeldelsane boka har hausta. Når eg byrja å lese endra eg imidlertid fort meining! Utover i boka vert det stadig meir spanande, ikkje ein enkel bok å leggje ifrå seg når ein først kjem inn i historia. Persongalleriet er dessutan utruleg variert, her finn du alle typar menneske, noko som berre gjer boka endå meir variert og spennande. Eg hadde også sanasen for det overraskande plottet, og utan å røpe noko, kan eg seie med ganske stor sikkerheit at du ikkje kjem til å kunne klare å gjette korleis denne boka ender! Alt i alt ein utruleg bra historie, som er vanskeleg å leggje ifrå seg. Og best av alt: det er to til! Så er det berre å håpe at dei to neste bøkene i triologien lever opp til forventningane etter den første.

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized

Fagdag: Videoproduksjon

Torsdag 26. november byrja me arbeidet med filmen med ein kveldsøkt i media. Johnny synte oss klipp frå blant anna «veiviseren», og fortalde litt om ulike verkemiddel ein kan nytte seg av i film, som fugle- og froskeperspektiv, halvnært bilete, nært, ultranært osv. Me fekk også ein liten innføring i bruk av filmkamera, og mot slutten vart det også litt tid til å starte på arbeidet med storyboardet for filmen me skulle lage dagen etterpå.

Fredag 27. November var det fagdag i Media, og tema for denne dagen var produksjon av reklamefilm. På førehand hadde me i grupper på fire førebudd manus, fått ein rask innføring i verkemiddel i filmproduksjon, samt byrja å arbeide med storyboardet. Mi gruppe byrja fredagen med å gjere ferdig storyboardet. Deretter tok me til med filminga. Temaet for fimen er ytringsfridom, og me valde å lage ein film der me set søkjelyset på den låge terskelen enkelte har for å hetse andre på nettet. Deretter samanliknar me dette med korleis tilsvarande hets hadde vorte i røynda.

I reklamefilmen tok me i bruk fleire av dei filmatiske verkemidla me tidlegare hadde gått gjennom i klassen. Litt om korleis me gjorde dette:

Fugleperspektiv- brukte e på «mobbaren», for  å framheve overlegen posisjon.

Froskeperspektiv- offeret, får personen til  å framstå som liten/svak.

Lyd- i filmen vår hadde me kun musikk som me la på til slutt, og eg tykkjer dette gav ein god effekt.

Lys- I byrjinga av filmen brukte me lys veldig bevisst for å få fram den rette stemninga.

Etter at me var ferdige med sjølve filminga var det redigering av filmen som stod for tur, og me brukte imovie på Mac til dette. Grunna begrensa tid bestemte me oss for å satse på ganske enkel, men effektfull redigering. Me klippa saman dei ulike klippa, justerte overgangane, la inn nokre effektar og litt tekst, og la til slutt på musikken. Resultatet vart ein reklamefilm på 45 sekund, og me vart alt i alt nøgde med filmen. Filmen har me valgt å ikkje publisere på bloggen eller på youtube, men den har vorte vist i klassen saman med dei andre filmane.

bilete henta frå denne bloggen.

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized